|
Kva tilbyr studiesenteret ved Stord
Opplæringssenter ?
q
Studieverkstad på Stord Opplæringssenter med fleksible opningstider.
q
Medlemsskap i studie- eller kollokviegruppe der du regelmessig møter
andre som studerer same fag.
q
Fri
bruk av internett-pc og fylkeskommunen sitt breiband.
q
Opplæring i IKT for begynnarar.
q
Tilgang til faglege nettressursar.
q
Studieleiar og/eller faglærar som gir deg støtte og hjelp til å koma i
gang.
q
Hjelp
av faglærar til å planlegga fagstudiet.
q
Forelesingar av faglærar.
q
Studieleiar og/eller faglærar som kan hjelpa med tekniske og praktiske
spørsmål.
q
Elevstatus med vurdering undervegs og sluttvurdering med
standpunktkarakter.
q
Du
får ein sosial samanheng der du får treffa andre vaksne med same eller
tilsvarande faglege interesser og mål.
Meir informasjon
får du her:
Stord
Oplæringssenter, Ringvegen 24, Heiane 5412 Stord tlf. 53403900
e-post:
Torleif.Kolsto@hfk.no
www.stordkurs.net
Hent søknadsskjema og
informasjon for utskrift.
Informasjon om studieverkstad ved
Stord Opplæringssenter – fag til generell studiekompetanse
Stord
Opplæringssenter tilbyr dei seks faga til generell studiekompetanse –
norsk, engelsk, matematikk, naturfag, nyare historie og samfunnslære -
som nettstøtta studium, alternativt med tradisjonelle læremidlar.
Tilbodet baserer
seg på at realkompetansevurdering er gjennomført, og at
eleven
tileignar seg dei mål/modular i faget som ikkje er godkjende etter
realkompetansevurdering.
Tilbodet
omfattar følgjande rettar og plikter for den enkelte vaksne:
o
Studiekontrakt mellom den enkelte og Stord Opplæringssenter
o
Rett til elevstatus, bl. a. vurdering med standpunktkarakter. –Vaksne
som etter realkompetansevurdering får elevstatus, følgjer vanlege reglar
for elevar. Dei som ikkje ønskjer elevstatus, har privatiststatus.
o
Medlemsskap i studie- eller kollokviegruppe der eleven regelmessig møter
andre som studerer same fag.
o
Hjelp til fagplanlegging frå faglærar: startsamling, individuell
rettleiing, bl.a. via e-post.
o
Deltaking i kollokviegruppe som hovudregel minst ein gong i veka.
o
Forelesingar etter avtale med kurskoordinator og faglærar.
o
Adgang til datarom med fri internettilgang, kollokvierom .
Faglærar og elevar vil oppretta e-post konto til bruk for arbeid med
faget.
o
Innlevering av oppgåver, elevarbeid, heimearbeid.
Eleven
på studieverkstad er ansvarleg for:
o
å formulera målsetjing
o
å syta for eigen studiemotivasjon
o
planlegging, deltaking i studiegruppe og samarbeid
o
individuelt arbeid med fag
o
innlevering av oppgåver, prøver og liknande
o
andre forhold vedr. arbeidet med fag
Faglærar på
studieverkstad:
o
viser elevane til rette på studieverkstaden
o
gir elevane informasjon om studieopplegget, elevstatus,
standpunktvurdering, eksamen
o
hjelper elevane med planlegging av studiet og med studietekniske
spørsmål
o
lagar forslag til studieplan for kvar enkelt elev
o
hjelper elevane med å læra seg å bruka søkemotorar på internett
o
hjelper elevane med å bruka nettressursar generelt
o
tilbyr eit avtalt timetal forelesingar om sentrale faglege emne
o
rettar oppgåver, prøver og liknande
o
undervegs- og standpunktvurdering
Kommunikasjon
mellom elev og faglærar:
o
direkte når faglærar er til stades på studieverkstad
o
e-post og eventuelt telefon
o
under forelesingar og andre samlingar
Stord Opplæringssenter, studiesenteret
Realkompetansekurs med nettstøtte
Vaksne kan ved Stord Opplæringssenter be om å vurdert realkompetansen
sin i fag i vidaregåande opplæring. Gjennom kartlegging og vurdering av
realkompetanse i enkeltfag kan den enkelte få godkjent delar av faget
eller heile faget. Ofte får den vaksne godkjent ein eller fleire delar
av faget (enkeltmodular), og treng berre opplæring i det som ikkje er
godkjent.
Stord Opplæringssenter/Stord Yrkesskule tilbyr vaksne som kan ta ansvar
for eiga læring eit studietilbod som kan vera nettstøtta - eller basert
på tradisjonelle læremidlar - og som gir den enkelte tilgang til
fagressursar, hjelpemidlar og medlemsskap i ei studie- eller
kollokviegruppe. Studenten samarbeider her fagleg med andre vaksne som
er i same situasjon. Tilbodet er fleksibelt, og kan brukast i alle
utdanningar i vidaregåande opplæring.
Den vaksne
q
bestemmer sjølv tidspunkt for studiestart, og tidspunkt når studiet skal
vera fullført
q
kan
velja mellom elevstatus og privatiststatus
VILKÅR FOR Å
FÅ TILGANG TIL STUDIESENTERET VED STORD OPPLÆRINGSSENTER:
q
Du må
søka om plass ved studiesenteret, Stord Opplæringssenter.
q
Du må
dokumentera tidlegare utdanning, kurs o.a.
q
Du må
gjennomgå (forenkla eller full) realkompetansevurdering mot læreplanen i
faget.
q
Du må
(saman med faglærar eller koordinator) laga ein forpliktande studieplan.
q
Du må
vera i stand til å arbeida målretta med faget, både åleine og saman med
andre.
q
Du må
følgja reglane som til ei kvar tid gjeld for studiesenteret.
|